Kan ein få operert inn pacemaker når ein ikkje har problem med hjartet?
Gutt, 17
Hei Ung no Eg lurte på om det er slik at man kan få opperert inn pacemaker om èin ikkje har noko problemer? Er det ikkje tryggere og ha noko slikt du veit jo aldri når det skjer og er èin aleine då så sier det seg jo sjølv kva som skjer : Takk for svar 🙂
Svar
Hei!
Nei, legane vil nok ikkje operere inn ein pacemaker viss ein ikkje har problem med hjartet/med pulsen.
Det er elektriske signal som får hjartet til å trekke seg saman. Då pumpar hjartet ut blod, og det kjenner vi slm pulsen vår.
Pacemaker er (enkelt sagt) ein maskin som får hjartet til å slå regelmessig viss pulsen/rytmen er for lav.
For det første er det ikkje alltid dei elektriske signala det er noko feil med, når hjartet stoppar eller får problem. (Det kan til dømes vere tette blodårer, som ved hjarteinfarkt).
Og for det andre er det såpass sjeldan å få problem med lav puls, at ein ikkje kan operere inn pacemaker på alle, for sikkerhets skuld.
Det er ein risiko ved alle operasjonar, også når ein opererer inn pacemaker. Difor må ein berre gjere det når det absolutt trengs. Det er også eit spørsmål om kostnader og kva helsevesenet skal prioritere.
Så er det slik i livet at vi aldri kan vite sikkert. Viss ein får ein pacemaker, kan ein t d ikkje vite om ein då får alvorleg kreft, det skjer ei ulykke, eller om ein får ein heilt anna sjukdom der pacemaker ikkje hjelp.
Difor er det best at kun dei som har ei sjukdom der pacemaker hjelp, får ein pacemaker.
Heldigvis er det svært sjeldan at unge folk har problem med hjartet!
Viss du er bekymra for helsa di eller lurer meir på akkurat di helse, kan di godt spørre lege eller helsesykepleier.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 8.8.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



