Er det vanleg å oppleve noe fight club-aktig ved psykoselidelse?
Jente, 18
Fylte 18 igår hehe. Ifjor, så null stress. Vanlig at eg med vrangofrestillingslidelse har opplevd noko sån fight club-esque? Eg hadde ein episode der eg hallusinerte å ha blitt slått, så blei eg fortald av ein som var der at eg dreiv og slo meg sjølv istedenfor. Eg hallusinerte ikkje smerten, men eg uvisst påførte den sjølv. Tok daga å skjønne. Eg føler meg som ein freak at eg har slik type problem og eg føler meg maktløs over det. Er det mange som har opplevd lignande ? For i for eksempel sosiale medium høyrer eg berre om korleis media framstiller psykotisk lidande som onde og at representasjonen er feil fordi de er ikkje "aggressive" eller "heilt galne" men så er det ting som eg opplev eller har opplevd. Ja, mine (kva andre kaller) "vrangofrestillngar" er med stråling og elite og grandiositet å gjer. Ja eg er aggressiv. Ja eg roper i gatane da eg er redd. Ja eg peiker kniv om eg er redd. I episoder. Er eg mindre verdt enn de "verdige" psykiske sjuke ? De verdige å bli kalt normal?
Hei du!
Gratulerer med overstått bursdag!
Det høyres ut som at du har ganske mye å tenke på og det kan godt hende at det er lurast for deg å få snakka med noen som kjenner deg godt om det du lurer på. Med det meiner eg at det kan hende du får best svar om du snakkar med ein behandlar du har - eg antar at du har nokon som følger deg opp ettersom du har en vrangforestillingslidelse/psykoselidelse og at ein del av dei tinga du opplever har blitt drøfta i terapi/oppfølging før.
Når det er sagt så er du sjølvsagt meir enn velkommen til å skrive til oss i ung.no og eg vil svare deg så godt eg kan.
Eg forstår det slik at du refererer til filmen Fight Club og kanskje også til at det på slutten er ein tvist der hovudpersonen muligens ikkje er ekte/hallusinerer/alt har ikkje skjedd på ekte. Dette er eit filmatisk virkemiddel.
Det høyres ut som du er litt usikker på kva som eigentleg skjedde då du hallusinerte at du blei slått og samtidig høyrde frå nokon som var der at du slo deg sjølv. Det høyres forvirrande ut.
Det er ikkje slik at du ikkje er “verdig” som psykisk sjuk. Hallusinasjonar, psykoser og vrangforestillingar kan opptre på forskjellig måte hos forskjellige personar. Dei aller, aller fleste er absolutt ikkje farlege men dei kan vere redde og forvirra. Kanskje du har opplevd å vere redd og forvirra. Det høyres ut som at du har gjort ting som andre kan reagere på når du har vore redd (skriking, kniv).
Det er veldig klokt å ha ein god behandlar ein kan snakke med om det ein opplever slik at du kan bli mest mulig kjent med dine sårbarheiter, dine vrangforestillingar og korleis å både forstå dei og forebygge dei. Det er mulig å få hjelp både gjennom samtaler og medisiner. Dette er du heilt sikkert kjent med fra før men eg minner deg på det likevel.
Eg ynskjer deg berre det beste og ønsker å gjenta at det ikkje stemmer at du ikkje er verdig - du er god nok som du er og gjer så godt du kan. Det er lurt å ha nokon å få hjelp av når det er mye å tenke på og eg trur det kan vere lurt at du gjer det no når du undrer på det du har skrive til oss i ung.no om.
Du kan også finne mye god informasjon om det å leve med psykoselidelse på denne sida. Der kan du både lese om korleis psykoselidelse kan oppfattast og du kan også lese om myter om psykoselidelse - kanskje dette kan vere nyttig og spennande for deg.
Lykke til.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 24.7.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål