Det finst mange variantar av syntetiske cannabinoidar. Det er vanleg å selje stoffa i pulverform. I tillegg blir det seld urteblandinger som i utgangspunktet ikkje har psykoaktive eigenskapar, men der syntetiske cannabinoidar er sprøyta over urteblandinga. "Urtene" vert selde over internett som lovlege urteblandingar eller røykelse med namn som ”herbal highs” og ”legal highs”.

Inntak av syntetiske cannabinoidar kan medføre alvorlege og potensielt livstruande tilstandar som krev rask legehjelp. Det finst fleire rapportar om alvorlege forgiftingar og dødsfall i samband med bruk av syntetiske cannabinoidar, mellom anna hjerteinfarkt hos tenåringar.

 

Historie

Syntetiske cannabinoidar har vore på marknaden sidan midten av 2000-talet, og vart først selde under merkenamnet ”Spice”. I byrjinga trudde ein at den cannabis-liknande effekten kom av dei lovlege urtene i ”Spice”-blandinga. Men det viste seg etterkvart at urteprodukta sjeldan inneheldt dei stoffa som var oppgitt. Plantematerialet i urteblaningane fungerte berre som berar for ulike syntetiske cannabinoidar som vart tilsette på under produksjonen. Andre stoff kan òg vere tilsette, til dømes E-vitamin, feittsyrer eller rusgivande medikament.

FAKTA

RUStelefonen:
Ingen pekefinger, bare svar på det du lurer på om rus! Ring 915 08 588 / 08588 Besøk RUStelefonen.no for å chatte eller sende spørsmål

I byrjinga av 2009 vart syntetiske cannabinoidar omfatta av narkotikalovene i fleire land i Europa, samstundes som stadig fleire variantar vart produserte. I desember 2011 vart åtte syntetiske cannabinoidar oppførde på den norske narkotikalista, og det vert arbeidd med å inkludere fleire.

Produsentane endrar stadig samansetninga av cannabinoidane for å omgå forboda. Det er ei stor utfordring å oppdatere lovverket i takt med desse endringane. Eit aukande tall syntetiske cannabinoidar er identifiserte i ulike urteblandingar.

 

Utbreiing

Det er gjort fleire større beslag av syntetiske cannabinoidar i Noreg, og mengden aukar, noko som tyder på aukande bruk. Ifølge KRIPOS er mesteparten av beslaga i pulverform. Folkehelseinstituttet har funne at fleire ulike urtevariantar med syntetiske cannabinoidar er i bruk i rusmiljø over heile Noreg. Stadig fleire rapportar dei seinare åra tyder på at bruken er utbreidd.

Ei undersøking blant amerikanske collegestudentar i 2011 viste at åtte prosent hadde brukt minst eitt syntetisk cannabinoid.

 

Bruksmåtar

Den vanlegaste inntaksmåten er røyking. Inntak kan òg skje ved sniffing eller ved å ete blandinga.

 

Verknadar

Ein veit i dag lite om effektar og skadeverknadar av ”Spice”. Det gjeld både etter enkeltinntak og ved bruk over lenger tid.

Dei fleste syntetiske cannabinoidane er meir potente enn tetrahydrocannabinol, som er verkestoffet i cannabis. Det er liten forskjell mellom dosar som gir ruseffekt og dosar som kan vere skadelege. Derfor er risikoen for overdose truleg større enn ved cannabis. Det blir dessutan ekstra vanskeleg å forutsjå effektane når det varierer kva for psykoaktivt stoff blandingen inneheld, og kor mye som er tilsett.

Det er rapportert at inntak av urter med syntetiske cannabinoidar kan gi høgt blodtrykk, høg puls og brystsmerter. Det er òg rapportert om hjerteinfarkt hos tenåringar som har brukt urter med syntetiske cannabinoidar. Inntak av slike stoff kan medføre tap av bevisstheit, krampar, angst, agitasjon, akutte psykosar og forverring av tidlegare stabil psykisk sjukdom. Det ser ut til å vere større risiko for psykose i samband med syntetiske cannabinoidar enn ved bruk av cannabis.

Brukarar oppgir at syntetiske cannabinoidar har ein sterk cannabisliknande effekt og at det er både positive og negative rusopplevingar. Positiv rusoppleving kan omfatte ei kjensle av å vere ”høg”, ha auka appetitt, auka energi, vanskar med å kontrollere latter og ei kjensle av å vere fokusert. Negativ rusoppleving kan innebere at ein blir trøytt og sløv, får vanskar med hukommelsen, hjertebank, nervøsitet, paranoia, svimmelheit, hallusinasjonar og kvalme/oppkast.

 

Toleranse og avhengigheit

Det er forska lite på toleranseutvikling og avhengigheit ved bruk av syntetiske cannabinoidar hjå menneske. Toleranseutvikling vil seie at ein treng aukande dose for å få same effekten som tilegare.

Det finst enkeltrapportar som fortel om rask toleranseuvikling. Andre rapportar fortel om utvikling av avhengigheit etter at ein har brukt høge dosar syntetiske cannabinoidar dagleg i fleire månader.

 

Syntetiske cannabinoidar og bilkøyring

Det finst lite kunnskap på dette området, men syntetiske cannabinoidar er påvist i prøver frå bilførarar i Noreg. Ut frå verknadane til dei syntetiske cannabinoidane ser det ut til at slike stoff ikkje bør kombinerast med bilkøyring og sannsynlegvis vil medføre auka risiko for trafikkulykker. Det er registrert ei alvorleg trafikkulykke hos ein tenåring der årsaka kan ha samanheng med inntak av eit syntetisk cannabinoid.

 

Søk hjelp

Dersom du har spørsmål vedrørende egen helse, bør du ta kontakt med fastlegen din.