Eg vil ha sex med kjærasten min, men er redd for å spørje, kva gjer eg?
Gutt, 14
Hei, eg vil ha sex med kjærasten min, men er redd for å spør hun om hun vil ha det. Kva skal jeg gjøre
Svar
Hei gutt 14!
Den einaste måten du kan finne ut om kjærasten din og vil ha sex, er å spørje. Ein kan synes det er vanskeleg og kjenne seg usikker på kva ein skal seie. Dette er ikkje noko rart. Ingen er gode til å snakke om sex med kjærasten utan å prøve og øve.
Når ein har kjærest, er det ikkje uvanleg at ein snakker om kor godt ein liker kjærasten sin, at ein er glad i kvarandre og kva ein tenkjer om framtida. Det betyr at det fint går an å snakke om når den andre synes det er naturleg å ha sex. Kanskje kjærasten din er klar no, kanskje ho vil vente. Begge deler er heilt ok og fint om ein respekterer.
Du fortel at du er 14. Det er ok å vite at den gjennomsnittlege alderen for når jenter har sitt første samleie er rundt 17 og for gutar rundt 18. De er med andre ord ein del yngre enn gjennomsnittet. For deg betyr dette at det kan godt hende du må vente litt om ho ikkje er klar. Og; nokre gonger er det og fint å vente, sjølv om begge kan kjenne seg klare. Les meire om det i artiklane som er vedlagde.
Håper svaret var til hjelp for deg.
Hilsen sexologisk rådgiver
Besvart: 31.1.2019
Oppdatert: 31.1.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål