Kan depresjon hindre meg i å få jobb i helsetenesten?
Jente, 20
Kan depresjon hindre ein i å få jobb i helsetenesten? Tørr ikkje å ta kontakt med fastlegen min om dette i tilfelle det kan skape problemer med jobbsøking/heime eller at det kommer på journalen/helsekortet mitt Er usikker på om eg har depresjon men slit veldig me selvmordstanker, der enkelte dager er verre enn andre... Der dagene er tomme og e føle meg mett på livet, og tanken på morgondagen som kjem gjer meg berre meir nedstemt. I familien min snakker vi veldig opent om ulike tema men når det blir personlig så er det ”hysj hysj” og eg føler eg ikkje kan prate med noken om det. Det har blitt så gale at enkelte gonger skulle e ønske eg blei alvorlig syk eller havnet i ein ulykke slik det var akseptabelt å dø. For eg er ikkje redd for å dø, eg venter berre på at det blir min tur. Eg føler eg ikkje lev for meg selv lenger men for alle andre fordi dei forventer eg skal det Eg har hatt det slik i eit par år no men nå renn det snart over men er redd for å søke hjelp
Svar
Hei, jente på 20 år!
Takk for spørsmålet ditt.
Du kan heilt trygt be om hjelp for din eventuelle depresjon. Det er ikkje noko i vegen for å få hjelp til psykiske problem og så jobbe i helsevesen etterpå. Legar og psykologar har taushetsplikt og søknaden din til ein jobb skal ikkje inneholde noko om tidligare behandling. Folk som jobbar i helsevesenet er jo heilt vanlege mennesker og mange der har hatt utfordringar tidligare i livet. Eg tenker at det heller er ei styrke å be om hjelp slik at ikkje ting blir for gale og du blir ståande heilt aleine med det. Eg ville heller forsøkt å tenkt litt annleis på dette: at det som eventuelt "hindrar" deg i å få til å jobbe i helsevesenet no er om denne tilstanden du er i forblir så tung som den er eller eventuelt skulle forverra seg - dette scenarioet er heller ein større risiko for at det kan bli tungt for deg å jobbe med det du ønsker. Det er tungt å jobbe når ein har det tungt sjølv og det er i alle fall tungt å jobbe for å hjelpe andre når ein har det tungt sjølv. Slik tenker i alle fall eg om saken.
Hugs også at det ikkje er noko uvanleg eller merkelig med deg om det skulle vise seg at du er deprimert no. Faktisk har 6-12% av befolkningen symptomer på dette til ei kvar tid. Depresjon kan vi psykologar mykje om og det finnast god hjelp.
Det høyres for meg ut som om du ikkje har det så bra. Sjølvmordstankar og passive dødsønsker (bli sjuk og "få lov" til å dø) kan vere eit teikn på at hjernen din er inne i eit depressivt mønster - dette er kjempetungt og slitsomt men det går an å komme seg ut av det! Nokre gonger trenger vi hjelp for det og det kan det hende du gjer no.
Dersom du er skremt av å ta kontakt med fastlegen så kan du til dømes åpne samtalen med å fortelle at du har det vanskelig og kjenner deg nedstemt - men er redd for å åpne deg om dine problem pga. framtidig jobb og så høyre kva legen seier før du forteller meir. Dette kan vere ein god måte å starte på.
Så eg råder deg absolutt til å gå til legen. Det er ikkje lurt å utsette det meir og å gå rundt med dei tunge tankane du har aleine. Hos legen kan du bli vidarehenvist til psykolog ved behov. Dette trur eg er lurt utifrå korleis du beskriver at du har det no.
Ønsker deg masse lykke til.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 13.3.2019
Oppdatert: 13.3.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål