Eg er "flink pike" og vil få til alt. Føler ingen rundt meg forstår meg.
Jente, 18
Hei. Veit ikkje korleis eg skal begynne, men kan først sei at eg er ei jente som tenkjer mykje. Trur eg har eit slags «flink pike» tankesett der eg vil vere ein som skil seg ut på alle områder (positivt selvfølgelig). Eg har høge forventningar om alt også. Til dømes at «han vil kysse meg på festen», «ho og eg legg ut eit skikkelig kult bilde på insta», «Eg gjer noko morsomt som blir dokumentert så kan vilegge ut på russegruppa» osv. Mykje tankar. Til og meg håpa eg på at ein kjendis skal «finne» meg og gjer meg til ein stor stjerne også! Eg blir oppgitt og flau over dette, men eg tenkje det støtt likevel. Eg stressa over at ting som dette ikkje skjer endå, og enda alltid med at eg ikkje er bra nok sidan det ikkje nokon av forventningane har skjedd. I sosiale og på nett sammenlikna eg meg alt for masse med folk. Eg føler at alt er ein konkurranse der eg alltid tape. Eg har prøvd å snakke med vennane mine om det, men føler dei ikkje forstår og at eg seie dette for å synast synd på meg.
Svar
Hei, jente på 18!
Takk for spørsmålet ditt.
Dette er det nok mange som kjenner seg igjen i. Sjølv om ikkje vennene dine kjenner seg igjen så trur eg altså det er mange andre som gjer det.
Eg snakkar med mange i terapitimar som fortel om at dei blir påvirka av ulike kanalar som t.d. Instagram, Facebook osv. på ein negativ måte. Mange fortel at dei tar seg "internettpauser" fordi dei føler at det går så mykje ut over både tid å sjølvkjensle å halde på med samanlikning slik som du også beskriver.
Det er heilt vanleg å "drømme seg vekk" med tankar om at ein skal bli oppdaga, at det skal skje noko spesielt med akkurat deg, at det kjem ein kjendis forbi eller at ein skal bli veldig rik og liknande. I dei aller fleste tilfelle så blir det jo ikkje slik fordi sanninga er at dei aller fleste av oss ikkje opplever så mykje superspesielt - dagane er helst gjennomsnittlege og det vi får til/opplever er også helst gjennomsnittleg.
Eg tenkjer at det kan vere heilt greit å drømme seg vekk, som sagt. Men det kan også vere lurt å forsøke å finne ut kva det er som er viktig for deg ellers - det går an å stille seg spørsmål som t.d. "kven set eg pris på av dei som er rundt meg?", "kva hobbyar/interesser er viktige for meg?" og så forsøke å leve saman med personar og interesser som er bra for deg. Dette er ikkje så lett - men det kan vere lurt å øve seg. Det kan også vere lurt å ta eit oppgjer med sosiale medier (dersom du kjenner at du treng det) - der du kan f.eks gå gjennom kven du følger på insta o.l. for å se om det er nokon du kanskje kan ta pause frå ei stund. Dersom kontoane ikkje får deg til å føle deg bra - kva skal du inne der å gjere då? Det kan vere lurt å tenke over kva ein eksponerer seg for, spesielt i periodar der ein kjenner at ting ikkje er så greit.
Eg har lyst til å anbefale deg nokre bøker dersom du ikkje allereie har lest dei. Dei handlar om nettopp slike tema som du tar opp - ønsket om å vere best/betre heile tida og jaget det kan føre til. Anbefaler Per Fugelli - "Nokpunktet" og "0-visjonen". Eg syns i alle fall at dei er gode og gir gode perspektiv på livet.
Ellers så ønsker eg deg alt godt og håper at du tar godt vare på deg sjølv! Du er god nok som du er. Sender deg ein god klem.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 14.10.2019
Oppdatert: 14.10.2019
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål