Spørsmål og svar

Eg får dårlege karakterar - kva kan eg gjere?

Gutt, 14

hei, eg får bare dårlege karkterar på skolen, eg gjør det så bra som eg klarer men eg får forsatt dårlege karakterar kva kan eg gjere?

Svar

Hei!

Det beste rådet eg kan gje deg, er å be lærarane dine om råd, i kvart enkelt fag. Dei skal forklare deg kva som trengst for å gjere det enda betre. Be dei også om å tilpasse undervisninga si, slik at ho passar akkurat deg. 

Snakk også med kontaktlæraren din om dette, slik at du kan få hjelp til å setje opp ein plan. Kanskje dine vaksne der heime kan be om eit møte, saman med deg?

Ver også tålmodig - vel ut eit eller to fag du skal konsentrere deg om, kanskje dei du likar best. Tida strekk ikkje til for alt på ein gong. 

Elles vil eg råde deg til å bruke tid på å lese - og å fylgje med på nyheiter. Les fakta du er interessert i, les på news feeden på mobilen din, eller se på tv-nyheiter. Fylgjer du med, har du meir å skrive om i fag som til dømes engelsk og samfunnsfag, samtidig som du lærer meir språk. Det er like viktig å lære meir om sitt eige språk som engelsk og framandspråk. 

Pass også på å ete og sove godt, og ha det moro innimellom! Slik blir vi betre rusta til å arbeide hardt på skulen.

Lykke til!

Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no

Besvart: 14.2.2020

Oppdatert: 14.2.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål