Kva skal eg gjere for å nå målet om å bli advokat?
Jente, 14
Hei, trenger litt støtte her. Har utrolig lyst og bli advokat når eg blir eldre. Men suger på skolen og får aldri di karakterene eg ønsker og er livredd for at eg ikkje skal nå målene mine. Særlig matte. Eg har så lyst og få d til men eg klarer d ikkje. Hva kan eg gjøre
Svar
Hei!
For å bli advokat, må du ha generell studiekompetanse.
Det er fleire utdanningsprogram som fører fram til dette, og eg vil anbefale deg å sikte deg inn mot det utdanningsprogrammet som du har mest lyst til.
Når du skal søke vidaregåande bør du òg sette opp tre aktuelle utdanningar, og du kan i tillegg sette opp fleire ønskje om skular innafor kvart program. Dette er noko som rådgjevaren på skulen din vil informere om og hjelpe til med.
Mitt råd er at du gjer jobben no, med å gjere ditt beste på skulen. Noko meir kan ein ikkje forlange.
Når det gjeld karakterar, så tel alle like mykje, og mattekarakteren tel ikkje meir enn dei andre.
Hilsen rådgiver ungdomsskole i samarbeid med ung.no
Besvart: 23.5.2022
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål