Korleis hjelpe foreldre når ein sjølv og søsken har flytta heimanfrå?
Jente, 20
Hei, eg går rett på sak. I fleire år no har mamma og pappa hatt problemer. Både eg og bror min har flytta ut og problemene ser ikkje ut til å ha blitt betre. Pappa er ikkje redd for å snakke høgt om kor sur mamma er osv. på kjøkkenet foran meg mens mamma sitter i stua og høyre på. Mamma er meir av den stille typen som ikkje tør å opne seg om dette til noken. Eg ser begge sine sider, men eg klare ikkje heilt få dei til å bli enige. Det virker som om mamma har gitt opp på å ta opp ting med pappa då han berre hisser seg opp dersom det er noko negativt om han. Han antar ting veldig ofte og oppfører seg dobbeltmoralsk. (det kan eg ikkje sei til han, då blir han sur og gøymer seg resten av dagen). Eg får veldig vondt av mamma og pappa. Dei er veldig fine ilag når de er glad, men de får fram to meget stygge sider av kvarandre også. Kva kan eg som dotter gjer? Psykolog er dyrt og ventetida er litt for lang. Eg orkar ikkje sjå mamma grine mer. Er det noko eg kan råde dei til å snakke om/gjere?
Svar
Hei
Hei - og takk for at du skriv til oss.
Det er vanskeleg å sjå at foreldra ikkje har det bra i lag - både om ein bur heime i lag med dei eller har flytta ut. Det er ikkje enkelt å vera "terapeut" for sine nærmaste og det er nok ikkje rett at vi skal det heller.
Du kan rå dei til å kontakte familievernkontoret. Tilbodet der er gratis. Sidan dei ikkje har heimebuande born blir dei kanskje ikkje prioritert høgast der, men det får dei informasjon om når dei tek kontakt. Det finst privatpraktiserande par-/familieterapeutar. Kan hende det er stuttare ventetid der enn hos privatpraktiserande psykologar. Det kostar pengar å nytte privatpraktiserande, men det kan kanskje variera noko.
Du kan jo eventuelt sjekke kva som finst av slike tilbod der foreldra dine bur, ventetid og eventuelle kostnadar - og så kan du presentera dette for foreldra dine. Eller så kan du gjere dei merksame på det finst hjelp å få og så får det bli opp til sjølve å ta kontakt.
Elles kan du sleppe katta ut av sekken, be om ein prat med dei og seie at du som dotter deira ikkje vil vera vitne til dette lenger og at dei må gjere noko med det dersom dei ønsker at du skal tykkje det er triveleg å koma heim. Dersom ein av dei vil prate negativt om den andre til deg så kan du seie at dette vil du ikkje høyre på eller prate om og gå dersom det ikkje blir slutt. Sjølv om det kan vera vanskeleg og ubehageleg så kan det vera greit å få klare meldingar og rammer for foreldre frå borna sine.
Lykke til!
Mvh
familieterapeuten
Besvart: 18.5.2020
Oppdatert: 18.5.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
