Eg blir kåt av ein gut i klassen og vil ikkje vere gay, kva gjer eg?
Gutt, 15
Det er ein gutt som eg synest er så fin som går i klassen min men eg vill ikke vere gay og vill få jente kjereste men eg fokuserer mye på han og i gymmen så skal han dysje da ser eg mye på hans kuk og sixpack uten at han vet det men eg syns at han er kåt og vill pule han og eg får boner så eg dusjer ikke og eg runker til bilde av han og vill vere så han og ha same parfyme deo og calvin klein boxer men hvordan slutter man å føle seg forelska i ein gutt. fordi eg vill også dusje men eg vill nok få boner i dusjen. og eg er litt forelske i ei jente men eg må slutte å vere forelska i den gutten
Hei!
Takk for at du skriv til oss om det du opplev som vanskeleg.
Det er ikkje så lett å berre skru av følelser. Det er heller ikkje så nyttig å forsøke å ikkje like denne guten og prøve å undertrykke følelsene du kjenner på. Ofte blir det ikkje betre av å gjere det, men ein kan kjenne seg meir frustrert og lei seg.
Å kjenne at du er tiltrekt av denne guten forstår eg er vanskeleg for deg. Når ein kjenner på følelser som dette kan ein ynskje å undertrykke dei eller forsøke å føle noko anna.
Våg å utforske det du kjenner og føler. Det er heilt greit å bli kåt og ha lyst på sex med det same kjønn. Det kan gjere at du slapper litt meir av og aksepterer det du kjenner på.
Mange som kjenner seg tiltrekt av same kjønn, men som ikkje vil vere homofil kan bruke tid på å bli kjent med desse tankene og følelsene. Mange kan også velge å ikkje dele det med nokon og ber på dette aleine. Det kan vere vondt og einsamt.
Det kan vere nyttig å snakke med nokon du stoler på. Helsesjukepleiar har teieplikt og kan ikkje fortelle det du snakkar om vidare. Andre kan ha nytte av å snakke med ein god ven eller nokon i familien.
Fortsett å fantasere om guten og våg å utforske meir av dei tankene og følelsene du kjenner på.
Lykke til!
Hilsen helsesykepleier, ung.no
Besvart: 13.3.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

