Spørsmål og svar

Ser man mye traumatiske ting i brannvesenet?

Annet, 16

Eg vil jobbe i brannvesenet men lurer på om man kan se mye traumatisk i brannvesenet siden dei redder liv og hjelper folk fra mange ting

Hei du!

Eg forstår at du tenkjer på om det er mykje traumatiske opplevingar i ein jobb i brannvesenet, og eg skjønner at det er viktig for deg å vita.

Det korte svaret på dette er: ja, når ein jobbar i brannvesenet vil ein oppleva traumatiske ting. Men det er mykje som tyder på at det finst rutinar på brannstasjonane for oppfølging etter at ein har vore med på situasjonar som er ekstra tøffe.

For å gå litt meir inn på dette har eg sett på yrkesbeskrivinga på utdanning.no. Der står det mykje nyttig som gir eit tydelegare innblikk i kva jobben som brannkonstabel går ut på. Jobben kan mellom anna bestå i å sløkkja brannar, redda menneske og dyr, og jobba med tryggleik. Hovudoppgåva er å redda liv, materielle verdiar og miljøet.

I dette yrkesintervjuet fortel ein brannkonstabel at han av og til møter sterke inntrykk, og at det på brannstasjonen hans finst rutinar for å snakka saman etter slike hendingar. Dette blir kalla kollegastøtte, der ein følgjer opp kvarandre og pratar saman for å behandla det ein har opplevd.

Eg håpar at dette var litt til hjelp! Eg har trua på at du kan få meir svar på det du er usikker på ved å sjekka ut utdanning.no yrkesbeskrivinga og intervjuet av brannkonstabel.

Det er heilt vanleg å tenkja på dette før ein vurderer ein jobb i brannvesenet. Å vita at det finnes rutinar og støtteordningar kan kanskje gjera det lettare for deg å finna ut om dette er ein jobb som passar :)

Lykke til!

Med vennlig hilsen

Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no

Besvart: 28.11.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål