Spørsmål og svar

Korleis får eg ein kjærleg kjærast? (NN)

Jente, 14

Hei eg er ei jente på 14 år. Eg lurer på korleis få ein god og kjærlig kjæreste? Eg føler meg veldig einsam og har nett opp flytta frå vennane minne og vil virkelig ha ein person som kan føle meg trygg på og stole på, men veit ikkje korleis eg skal finne den rette personen.

Hei

Dette er dessverre eit spørsmål som ikkje er lett å svare på, det er ikkje ein fasit på korleis sin kjærsam kjærast skal vere.

Det som er viktig er at hen gjer ting som gjer at du følar deg elska, og same andre vegen, altså at du gjer ting hen vil at du skal gjere.

Ofte treng ein litt tid for å bli saman med de folka ein verkeleg kjenner at ein vil vere i lag med. Ofte er forhold som kjem att på grunn av at ein berre syns kvarandre er fine, ikkje så gode, og ofte varar dei ikkje like lenge heller.

Ta deg god til å bli kjend med nokon som verker interessante. Kjenn på korleis du følar det er å vere i lag med den personen, og korleis dei behandlar deg. Dei må behandle deg bra for at det skal vere noko vits med det. Om du får deg ein kjærast som ikkje behandlar deg bra, varer det ikkje lenge. Men hugs! Dette gjeld òg for deg, du må òg behandle kjærasten din bra!

Men du spurde eigentleg om korleis du FÅR ein kjærast.

Du må eksponere deg, og vise deg plassar. Du kan byrje å vere meir ute, eller dra på samlingsområder oftare? Har de ein ungdomsklubb i nærleiken? Kanskje de har ei kyrkje eller noko likande som har ungdomstilbod? Ofte er dei religiøst nøytrale og, og det er jo bra. Eller kanskje du kan snakke med nokre venar(om du har fått nye enda), og høyre med dei om dei har nokre forslag til kven du kan bli betre kjend med?

Eg håper dette hjelper! Me har lagt artiklar under som du kan lese.

Vennleg helsing ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 16.10.2021

Oppdatert: 16.10.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål