Hopp til hovedinnholdet
Gutt spiller på PC (colourbox.com)
No nudes for ypou - #ikkegreit (ung.no)
No nudes for ypou - #ikkegreit (ung.no)

A-Å

Er du mørkredd?

Mørkt soverom på natta (colourbox.com)
KONTROLL: Det ligg i mørket sin natur at når det blir mørkt så er det vanskeligare å halde oversikt. Mange føler dei da mister kontrollen, og opplever det som skummelt.

Dei aller fleste kjenner til begrepet «mørkredd» og mange har nok også på eit tidspunkt kjent seg utrygge i mørket. Spesielt er det å vere mørkredd vanleg hos barn. Men også ungdommar og vaksne kan oppleve å vere mørkredde. Korleis kan vi forstå det, og når blir det eit problem?

Offentleg og kvalitetssikra
Mørkt soverom på natta (colourbox.com)
KONTROLL: Det ligg i mørket sin natur at når det blir mørkt så er det vanskeligare å halde oversikt. Mange føler dei da mister kontrollen, og opplever det som skummelt.

Korleis kan vi forstå det?

Det er menneskeleg å ønske å ha kontroll og det er naturleg å ønske at verden rundt oss skal vere oversiktleg og til å forstå. Vi menneske blir mange gonger utrygge eller føler oss trua dersom vi ikkje opplever å ha kontroll over det som skjer rundt oss. Det ligg i mørket sin natur at når det blir mørkt så er det vanskeligare å halde oversikt og det er vanskeligare å legge merke til endringar som skjer rundt oss i miljøet vi lever i. For noen så kan dette opplevast som ubehagelig eller skummelt.

Mørkredde barn

Å vere mørkredd som barn er svært vanleg. Studiar viser at rundt 29% av alle barn forteller at dei er mørkredde. Dette kan det vere fleire årsaker til. Ein måte å forstå det på er at barn har mindre evne til å skille mellom fantasi og virkelighet enn det vaksne har. Barn kan til dømes bli redde for at det skal vere monster under senga eller at det er spøkelser i skapet. Dei fleste eldre born og vaksne veit godt at dette ikkje er noe å vere redd for – fordi dei forstår at dette berre er fantasi. Det er også vanleg at barn på eit tidspunkt synes det er skummelt å vere aleine og kan kjenne på det som kallast seperasjonsangst – som kort kan forklarast som angst for å vere vekke fra foreldra. Dette kan typisk opplevast som meir skremmande når det er mørkt på rommet og mørkt ute. Mange ønsker å ha lyset på ein periode eller ha døra litt på gløtt for å gjere det mindre skummelt.

For å hjelpe barn til å bli mindre mørkredde kan vaksne hjelpe dei med å takle dei tankane og fantasiane dei har slik at dei etterkvart forstår at det ikkje er noko å vere redd for. Det kan også hjelpe dersom barnet som er redd gradvis får hjelp til å eksponere seg (oppsøke) mørket. Ein måte å gjere dette på kan t.d. vere å øve seg på å vere ei kort stund på eit mørkt rom på dagtid, så ei litt lengre stund og til slutt øve seg på å utvide eksponeringen til å vere i mørket på kveldstid. Nokon barn kan vere så redde for mørket at det lagar store problem for dei – men dei aller fleste veks dette av seg.

Mørkredde vaksne

Det er mindre vanleg å vere mørkredd som vaksen enn som barn. Rundt 3% av den vaksne populasjonen oppgir å vere redde for mørket. Dersom ein vaksen har utvikla ein fobi for mørket kallar vi det for achluofobi. Ein fobi er ein intens frykt eller redsel for noko som ikkje nødvendigvis er farleg. For å skille mellom frykt som går over av seg sjølv og ein fobi så må frykten ha vore til stades i minimum 6 mnd.

Ettersom voksne i større grad enn barn veit at det ikkje er noko ibuande farleg med mørket («det er ingen monster under senga») kan det i mange tilfeller vere noko anna som ligg bak dersom vaksne er mørkredde. I nokon tilfeller kan dette vere uttrykk for andre vanskar eller underliggande angstlidelsar. Til dømes kan ein person som er veldig engstelig ein periode også oppgi å vere mørkredd. Dersom ein undersøker dette nærmare vil personen gjerne fortelle at det ikkje er mørket i seg sjølv dei er redde for men heller redsel for å vere aleine, for å bli overfalt, rana eller bli offer for innbrudd, voldtekt eller annan form for vold. Desse tankane blir gjerne forsterka i mørket fordi miljøet rundt opplevast mindre oversiktlig. Her er vi igjen tilbake til det som handlar om å ønske å ha kontroll over omgivelsane som er nevnt tidligare i denne teksten.

Dersom ein person engstar seg for at noe farleg skal skje i mørket/på kveld/på natta så kan ein bli ekstra utrygg av tankar om at andre kanskje har lagt seg og det er mindre sannsynleg å få hjelp dersom noko skulle skje. I tillegg kan personar som strevar med mykje angst og bekymringar bli redde for sin eigen reaksjon og nesten gå «på vakt» slik at ein skremmer seg sjølv ved å oppføre seg som om noe farleg skal skje. Dersom ein oppfører seg som om noko farleg skal skje (ser seg over skuldra, lytter til kvar minste lyd) i mørket så vil ein gjerne bli redd – nettopp fordi ein oppfører seg som om noko farleg holder på å skje.

Korleis få det betre?

All angst, bekymring og fobiar finns det god hjelp for. Nokre tips for å hjelpe seg sjølv følger.

Døgnrytme. Eit godt tips i vanskelige periodar der ein opplever å vere mørkredd eller generelt engstelig kan vere å prøve å få så god døgnrytme som mogleg slik at ein ikkje ligg unødvendig våken i senga. Dersom ein ligg våken gir dette meir rom for bekymringstankar og fantasien får løpe løpsk og tankane blir ofte skumlare. Dette gjelder både for voksne og barn.

Utforsk tankane dine. Finn ut om du kun er redd for mørket eller om det er meir samansatt. Spør deg sjølv spørsmål som: Kva er eg redd for skal skje? Er det sannsynleg at dette skjer? Kva er det som gjer meg utrygg? Er dette eigentleg berre fantasi? Er det nødvendig å bekymre seg? Det kan vere lettare å utforske desse tankane når ein ikkje allerede er redd og aktivert – prøv heller å utforske tankane når det er lyst og du har det bra.

Gradvis eksponering: Øv deg på å gradvis oppsøke det du er redd for. Dersom du er redd for mørket kan du gradvis utfordre deg sjølv. Dømer på dette kan vere å klare å vere på eit mørkt rom på dagen, gradvis sove på eit mørkt rom, gå ein kort eller lang tur når det er mørkt. Det du utfordrar deg på må tilpassast akkurat det du er redd for. Eksponering handlar om å få nye erfaringar slik at ikkje tankane og frykten for kva som kan skje hindrar deg i å prøve det ut på ekte.

Kvar kan eg få hjelp?

Dersom du opplever å vere mørkredd eller engstar deg for andre ting i så stor grad at det hindrar deg i å leve det livet du ønsker kan det vere lurt å kontakte noen for å få hjelp til å sortere i desse tankane.

Du kan snakke med:

Helsesøster

Helsestasjon for ungdom

Fastlegen din

Kanskje vil du også snakke med noen om det du opplever og då går det an å snakke med andre på nettjenesten Si det med ord

Artikkelen er skrevet for ung.no av psykolog Karen Fadnes Brattebø

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Kommentarer fra brukere Kommentarer


Du må fylle inn både navn og tekst for å sende inn skjemaet.

Legg inn en melding!

Obs! Ung.no svarer IKKE på spørsmål i kommentarfeltet. Send inn spørsmål på ung.no/oss

(HTML-tagger fjernes)
Marifettetsyre
0
25.04.2018 13:20:27
Eg er meget mørkeredd.

Spørsmål og svar

Er redd når jeg er hjemme alene
Hei Takk for at du skriver til oss i Ung.no, jente 19 år.Det høres slitsomt ut å være så redd som du er, når du er alene i helgene. Du vet egen...
Blir sulten om natten men tørr ikke gå opp. Tror det spøker i huset
Hei! Takk for spørsmål til ung.Jeg skjønner at det kan føles skummelt å skulle stå opp, når du tror det spøker i huset. Har du noen oppleve...
Vil hjelpe en veninne som har r
Hei Takk for at du kontakter Ung.no. Det er ulike hjelpe institusjoner i de forskjellige land. Du kan ta kontakt med Rødekros  og høre hva de kan g...
Jeg er veldig mørkredd. Jeg så noen trailere med hele klassen å nå sover jeg ikke om nettene.
Hei, og takk for at du skriver til ung.no!   Du skriver at du er veldig mørkredd etter å ha sett noen trailere sammen med klassen og nå sover d...
Jeg er redd for mye.
Hei jente 13 år. Takk for at du skriver til Ung.no!Det første jeg vil si til deg er at du har ikke noe å skamme deg over. Det er veldig mange som ...
Jeg skal snart begynne på videregående og gruer meg til å flytte på hybel.
Hei! Så fint at du skriver til oss!Det er leit å høre at du allerede har begynt å grue deg til å flytte på hybel. Det er ikke uvanlig eller ...
Jeg tør ikke ligge borte.
Hei jente 13 år Takk for at du skriver til oss i  Ung.no og forteller til oss hvor vanskelig det er for deg å overnatte hos andre. Du er helt sikk...
Noen ringte med for så å legge på. Hva kan årsaken være?
Hei Takk for at du skriver inn til ung.noMest sannsynlig hadde den andre personen ringt feil. Noen legger bare på røret hvis de hører at de har ri...
Jeg er mørkredd og er redd for hva som kan skje. Hva gjør jeg?
Hei, jente på 16 år! Takk for spørsmålet ditt! Det er veldig ubehagelig å være redd. Vi skiller ofte mellom frykt for noe som skjer på ekte o...