Spørsmål og svar

Korleis tar eg opp oppførselen til venninna mi når ho er sårbar?

Jente, 13

Min bestevenn har anoreksi og blir fort sur på meg. Ein gong me var på klassetur skulle ho fikse håret sitt og eg spurte om ho måtte gjere det så perfekt for me hadde dårlig tid igjen og så ropte ho berre stopp te meg! Og neste veka skal me på ei hytte hos ho og eg spurte ka me skulle eta om ho visste da, så svarte ho; koffor bryr du deg? Eg blei lei meg og svarte ikkje på meldingen. Eg skjønner at ho har det vanskeleg med anoreksi osv men ho kan fortsatt behandla meg rett!

Svar

Hei jente (13)

Anoreksi er ein veldig komplisert sjukdom og det kan vere svært vanskeleg å forstå omfanget av det som skjer i hovudet til den som lir av det. Du har heilt rett i at venninna di skal behandla deg med respekt, men det er også viktig at du tenkjer på at det kan vere sjukdomen som "snakkar" og ikkje ho når ho er krass. 

Mat og utsjånad er to ting som står veldig sentralt i tankane til den med anoreksi og det kan vere sårt om dei temaa blir tekne opp eller kritisert, som at ho må leggje håret sitt perfekt. Når ein kjenner seg kritisert eller sårbar er det enkelt å raskt gå i sjølvforsvar eller angripe den som kritiserer, sjølv om du ikkje meinte det som kritikk. Det betyr ikkje at du har gjort noko gale eller at du skal endre atferda di, men at det kan vere lurt å ignorere det når ho kjem med slike kommentarar. 

Ein gong ho ikkje er sur kan du forsiktig ta opp at du blir lei deg når ho er slik mot deg, sjølv om du forstår at ho ikkje meiner det slik. Du skjønnar at ho har det vanskeleg men det er enklare for deg å vere der for ho om ho prøver å gjengjelde godheit og ta det du seier med beste meining, eller ikkje ta seg nær om du med eit uhell seier noko som kan trigge ho. 

Både du og ho er mennesklege, og alle kan gjere feil. Alle kan seie noko dei ikkje skulle ha sagt og alle kan reagere på ein måte dei helst ikkje skulle reagert på. Det er viktig at begge partar tilgir og ikkje er sure i lengda, men heller er konstruktive og seier ifra når noko blei feil.

Eg er heilt sikker på at du er ei viktig støtte for venninna di når ho jobbar med å bli betre og at ho er utruleg glad for å ha deg rundt seg, sjølv om ho ikkje alltid uttrykkjer det slik. Du er ein god venn og ho er heldig som har ein som deg. 

Det kan også vere fint å snakke med helsesjukepleiar på skulen din, både når det gjeld korleis du kan støtte venninna di og kva du kan gjere når ho har periodar der ho ikkje er greie med dei rundt seg. 

Lykke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 5.8.2020

Oppdatert: 5.8.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål