Spørsmål og svar

Koronaen har ikkje vert enkel, veit ikkje kva eg skal gjera no.

Jente, 18

Hei! Koronaen har ikkje vert enkel, men no spesielt kjende eg på kor mykje eg hatar alt dette. Viss det ikkje var for korona, hadde eg vert på fly til tokyo akkurat no. Den turen har på ein måte vert det som eg har sett fram til sidan november 2019 og eg slutta eigentleg å ha trua på den i sånn juni/juli men det gjer fortsatt litt vondt å tenka på. Eg har ingen spørsmål eigentleg følte berre eg måtte få det ut. Det er så vanskeleg å nyte ferien no når eg veit kva planen eigentleg var.. skulle vera min første ferietur aleine også (kjærasten skulle vera med og då men ingen andre). Veit ikkje heilt kva eg skal gjera no. Det er så lite å finna på der eg bur utan å gå på tur i skogen eller henge på senteret.

Svar

Hei, jente på 18 år!

Du er absolutt ikkje aleine når du synes at koronaen har vore veldig tung. Me har aldri som samfunn opplevd noe liknande tidligare. Me var ikkje førebudde på det som møtte oss. Det er litt forskjellig korleis den enkelte har reagert på det me har gått gjennom - men for det meste har livet og kvardagen blitt litt meir tung og usikker.

Det som kanskje er aller mest endra er at reising har blitt vanskelig eller nærmast umogleg. Spesielt så langt som til Tokyo. Eg forstår godt at du er lei deg for at du ikkje kan reise. Det høyres veldig topp ut å reise med kjærasten. Det er klart at du har gleda deg til dette. Det blir dessverre ikkje noko av turen no men det betyr ikkje at du aldri skal reise. Det blir mogleg å reise seinare men akkurat no må me konsentrere oss om restriksjonar og vaksiner for å komme gjennom dette på best mogleg måte.

Det som er viktigast å gjere når ein ikkje har det bra er å vere saman med dei ein er glad i. Det gjeld å sjå moglegheitane i kvardagen sjølv om kvardagen er litt meir komplisert enn før. Kanskje kan du ta opp igjen gamle hobbyar eller finne ein ny hobby. Tips til ting å finne på der ein er kan vere trening, baking, matlaging, lesing, strikking, se film/serie. 

Eg ønsker deg alt godt og håper at Tokyoturen blir noko av så fort det er mogleg! 

 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 28.2.2021

Oppdatert: 28.2.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål