Har droppa ut av vgs og usikker på om eg er klar for jobb. Kva gjer eg
Jente, 17
Veit ikkje om eg er klar for å jobbe.Har droppa ut av VGs og har kontakta OT.Alt dei tilbudte var hjelp til å få jobb og ikkje noko annet.Har registrert meg som arbeidssøker hos NAV pga eg skal begynne med jobbspesialist.Men veit ikkje om eg er klar til å jobbe.Sliter litt med andre ting psykisk.Er lei av alt og livet til tider(går på BUP og psykologen min veit dette).Samtidig hjelper det ikkje meg å staure rundt her heime.Har ingen venner så er stort sett bare med familien min 24/7.Trener to ganger i veka(styrke) og har 1 PT time i veka.PT-en min er 11 år eldre enn meg og ho er den eneste eg er med utenom familien min.Ellers bur eg i ein liten by og det er ingen sports/idrettsklubber eller organisasjoner som eg liker her eg bur. Har prøvd ut en samleplass for VGs elever men det sugde alle dei 3 gangene eg var der. Ellers har mamma hørt med alt av aktiviteter for ungdom her eg bur men ingenting er aktuelt.Har ikkje noko særlig spørsmål men følte bare for å skrive. Ellers takk for svar.
Svar
Hei, jente på 17 år!
Det høyres ut som du har det tungt og har mykje å tenke på.
Samtidig så har du nokon rundt deg som hjelper deg og skal i gang med jobbspesialist via NAV. Husk på at der jobbar det personar som er vant til å hjelpe andre som har det litt tungt. Det er ikkje meiningen at du skal vere heilt sikker på kva du orker og klarer å jobbe med. Dette er vel noko av det du skal få hjelp med saman med jobbspesialisten. Det er også slik at ein treng ikkje å jobbe 100% for å jobbe, det kan tilpassast ditt behov og din situasjon. Kanskje finn du og jobbspesialisten noko som passar for deg slik at det ikkje følast overveldande å vere i jobb. Eg heiar på deg!
Flott at du går til BUP og har fortalt korleis du har det. Det er tungt å kjenne at dagane ikkje er som ein ønsker. Det høyres ut som du gjer mykje bra for di mentale helse gjennom å trene og holde deg i form. Eg skjønar godt at du skulle gjerne hatt andre arenaer også å vere med på. Det kan hende at det å komme seg inn i ein jobb vil gjere det litt lettare å få nye bekjentskaper og kanskje blir kjekkare enn du trur. Du forteller ikkje noko om kva som har ført til at du ikkje har vener. Kanskje er det tilfeldig og kanskje ligg det ikkje noe spesielt bak. Eg veit ikkje om du har nokon du har kjent før som du har mista kontakten med. Kanskje er det nokon det er mulig å ta opp kontakten med igjen? Dette kan vere skummelt når ein tar initiativ til det. Men kanskje vil den andre parten bli glad for det og vere i behov for vennskap dei også. Du veit sjølv om du har nokon som det er aktuelt å gjere dette med.
Eg ønsker deg alt godt og lykke til med jobbspesialist og alt anna! Håpar du kjenner at du får det litt betre snart.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 11.4.2021
Oppdatert: 11.4.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

