Spørsmål og svar

Kva er meininga med livet?

Jente, 14

Kva er meininga med livet?

Svar

Hei, jente på 14 år!

Dette er eit stort og komplisert spørsmål. Svaret eg har lyst til å gi kjem litt an på grunnen til at du spør. Dersom det er slik at du spør fordi du ikkje klarar å sjå/finne noko meining med livet og kjenner deg deprimert/nedstemt så er det lurt å ta kontakt med nokon som kan hjelpe deg - f.eks foreldre, helsesjukepleiar eller fastelge.

Når det er sagt så kan det også hende du spør av nysgjerrighet. Som sagt er dette du spør om eit komplisert spørsmål som ikkje har ein spesifikk fasit.

Dersom ein skal ta eit evolusjonsperspektiv så er meininga med livet heilt satt på spissen det å få barn og dermed få ført sine gener vidare. Mange vil nok kjenne seg igjen i at dette er eit sterkt behov dei har medan andre ikkje vil vere interessert i dette i det heiletatt - og begge deler er greit.

På eit meir kvardagsleg plan så er det nok mange som vil kjenne seg igjen i at det viktigaste i livet er relasjonar til andre. Til dømes så vil studiar som omhandlar forskning på lykkefølelse ofte involvere det å gjere noko saman med andre og det å gjere noko for andre. Med andre ord blir relasjonar trekt fram som viktige kjelder til lykkefølelse og til å leve eit godt liv. Det er også slik at vi mennesker er svært forskjellige (heldigvis) og kan dermed bestemme mykje sjølv over kva vi ønsker å bruke dagane, årene og livene våre på. Dette omhandlar at vi kan velge ein jobb vi brenn for og vi kan også velge å bruke fritid på aktivitetar som vi setter pris på. Nokon likar best å gjere ting aleine og trives i eige selskap medan andre er meir glade i å arrangere aktiviteter saman med venner.

Det vil nok også vere slik at det å tenke på meininga med livet vere noko ein i perioder er meir opptatt av enn andre. Kanskje tenker ein meir over slike tema i perioder der ein er litt sliten/nedfor og dermed kanskje "grublar" ein del og/eller i periodar med overganger i livet - for eksempel med overgang frå å føle at ein trer over frå ungdomslivet til vaksenlivet eller at ein t.d. går frå å vere i arbeid til å bli pensjonist og liknande.

Som sagt er det lurt å snakke med nokon dersom du har mange tankar som blir for store å håndtere aleine.

Ønsker deg alt godt og sender deg ein klem

Med venleg helsing psykologen

Besvart: 23.3.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål