Spørsmål og svar

For mykje tid på skjerm

Jente, 13

Hei. I de siste generasjonene har jo skjermbruk vert er mykje større del av kvardagen. Og eg sjølv har opplevd å bruke skjerm så masse som seks timar i gjennomsnitt, og eg er heilt klar over at dette ikkje kan beskrives som noko annet enn ein avhengigheit. Eg har vore mykje bekymra ovenfor meg sjølv og andre p.g.a dette, og det å ha konstant stimuli. Men kor farleg er det eigentleg? Kva er forskjellen på om man bruker ein halvtime eller 6 timar? Og kva kan eg gjere for å forbetre dette? Evt. kva andre ting kan eg finne på?

Hei, og takk for at du spør. Det er mange ungdommar som kjenner på det same, så du er ikkje aleine. Det betyr ikkje nødvendigvis at du er «avhengig», men at mobilen og appane er laga for å vere vanskelege å legge bort. Dei brukarar ting som varslar, autoplay og uendeleg skrolling for å halde på merksemda di.

Kor farleg det er, kjem an på korleis skjermbruken påverkar deg. Forskjellen på ein halvtime og seks timar kan vere stor dersom det går utover søvn, leksar, humør, konsentrasjon, fysisk aktiviteteller at du har mindre tid til å vere med venner og familie. Om du meirkar at du blir stressa, sliten eller ikkje har tid til å gjere ting du vil, kan det vere lurt å prøve å ta meir kontroll.

Vi har skrive ein artikkel på ung.no der du kan lese meir om det her: https://www.ung.no/slik-tar-du-kontroll-over-skjermtiden-din

Nokre enkle ting du kan gjere, er å skru av unødvendige varslar, legge mobilen litt unna, bruke fokusmodus og sette tidsgrenser på appar. Det kan òg hjelpe å finne andre ting å fylle tida med, som å vere med venner, gå ein tur, trene, høgre på musikk, teikne, lage noko, lese eller spele brettspel.

Det er ein god start at du sjølv kjenner at du bruker for mykje tid og har eit ønske om å gjere noko med det. Ver tolmodig med deg sjølv. Små endringar kan gjere stor forskjell over tid.

Håpar dette er til hjelp og lykke til!

Hilsen Medietilsynet i samarbeid med ung.no

Besvart: 1.6.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål