Spørsmål og svar

Betyr tankane mine at eg er lesbisk eller bifil?

Jente, 15

Er eg lesbisk eller bifil vis eg ser på lesbisk pornografi eller liker tanken om å ha ein dame som kjærast, men har aldri likt ein jente før?

Hei

Det er heilt greitt å vere nysgjerrig og lure på kven du blir tiltrekt av. Kva slags porno du ser på, avgjer ikkje om du er lesbisk, bifil eller heterofil. Fantasiar og det du ønskjer å oppleve i verkelegheita, treng heller ikkje vere det same.

At du liker tanken på å ha ei jente som kjærast, kan vere noko du har lyst til å utforske gjennom tankane og kjenslene dine. Du kan vere tiltrekt av jenter sjølv om du ikkje har vore forelska i ei jente før. Samtidig treng du ikkje bestemme deg for kva du vil kalle deg no, eller prøve noko med nokon for å finne det ut.

Gi deg sjølv tid til å kjenne etter kven du blir forelska i eller tiltrekt av. Du treng ikkje finne svaret no. Ta den tida du treng, kjenslene dine er heilt greie, uansett kven du blir forelska i.

Ønskjer deg alt godt og lukke til!

Helsing helsesjukepleiar, ung.no

Besvart: 20.10.2026

Oppdatert: 20.10.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål