Spørsmål og svar

Sliter med å sette ord på det som plager meg, får dermed ikkje hjelp.

Jente, 17

Hei eg sliter med å fortelle om ting som plager meg både fordi eg ikkje ønsker å være til bry og at eg ikkje veit hvordan eg skal sette ord på det. Lang historie kort: Eg begynte å kjenne litt på angst i 7klasse da vi sku ha fremføringer. Den ble verre når eg begynte på ungdomskulen. Da fikk eg engang ikkje til å snakke med folk eg kom i klasse med, selv om eg prøvde. På den tiden viste eg ikkje hva angst var og eg lurte på hva som var galt med meg. Når eg fikk informasjon om angst så kjente eg på dei samme tingene. Hjertebang, skjelving, ukonsentrert, stressa, tung pust osv. Det var ikkje før i 9ene eg klarte å si noe om dette til mamma. Men eg har ikkje fått noe hjelp selv om vi har snakket med lege og helsesøster og bup ga meg ikkje time. Men når eg endelig fikk snakke med legen om henvisning så klarte eg ikkje å fortelle om alle tankene og følelsene som eg lenge har gått med. No går eg slutten av 1vgs og føler meg ikkje hørt. (Det eg mye mer eg sku sakt men for liten plass)

Svar

Hei, jente på 17 år

Det er veldig slitsomt å ha det sånn!

Eg forstår godt at det kan vere vanskelig å sette ord på korleis ein har det. Du er ikkje aleine om å ha det sånn. Det er flott at du klarte å fortelle det til mamma til slutt men eg forstår deg slik at du treng meir hjelp.

Det er nok dessverre slik at det er berre du som kan fortelle korleis du har det når du er hos legen. Eventuelt kan du be mora di hjelpe deg med å få ut ordene dersom de oppsøker fastlegen på nytt. Det er også mogleg å skrive ned korleis du har det, eventuelt vise spørsmålet du skreiv til ung.no - her syns eg det kjem veldig godt fram at du tenker at du har angst og treng hjelp for dette.

Sjølv om du ikkje har fått time hos BUP før så betyr ikkje det at du ikkje får time dersom det blir sendt henvisning på nytt. Det er mogleg å få avslag ein gong og så få innvilga rett til behandling ein annan gong. Det er også slik at du kan snakke med fastlegen din om det t.d. er andre behandlingsopplegg du kan følge i t.d. kommunen din. Der treng ein ikkje henvinsing. Ulike stader i landet fins det t.d. grupper som har fokus på angst som heiter "Cool Kids" for barn og "Chilled" for ungdom. Det er også andre varianter rundt om i landet litt avhengig av kvar du bur. F.eks kan ein bli henvist til psykologstudenter dersom ein bur i ein av byane der psykologer blir utdanna (t.d. Bergen, Trondheim, Oslo). Her treng ein heller ikkje henvisning.

Du kan også få tips og triks til spesielt det som går på presentasjonsangst (som du beskriver at var der det starta for deg) gjennom dette selvhjelpsprogrammet.

Ønsker deg alt godt! 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 2.6.2021

Oppdatert: 2.6.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål