Spørsmål og svar

Korleis kan eg øve og jobbe på skulen for å bli flinkare?

Jente, 15

eg har vore naturlig flink på skolen i barndommen, og fekk ikkje nok utfordringer. så no veit eg ikkje korleis eg øve og jobbe med skole for å bli flinkare.

Svar

Det finst fleire råd om det å jobbe smart på skulen. Det viktigaste er at du vel dei faga som passar deg godt og har fokus på desse. Stress og bekymring er det som skapar mest trøbbel for oss når vi skal lære noko nytt.

Det blir ofte gitt råd om å ete bra, sove nok, og å være fysisk aktiv. Slik speler kroppen "på lag" med oss når vi skal jobbe med fag.

Andre tips: Det kan være lurt å øve på det å tolke oppgåver. Les dei godt, skriv med eigne ord kva oppgåva ber om, gjerne i strekpunktar. Sjekk med lærar at du har tolka riktig. Strekpunkta kan du bruke til å lage ein disposisjon. Bruk disposisjonen til å "hake av" del-spørsmåla, slik at du veit at alt er svara på.

Gjer leksene. Dette kan til dømes vere å løyse matteoppgåver, slik at regelen og metoden "sitter". Når ein ting er gjort monge nok gonger på riktig måte, er det lettare å hugse, sjølv om det går litt tid mellom kvar gong temaet kommer opp att. Øve på gloser er også bra. Å forberede seg til neste skuledag ved å lese / sjå på ein læringsvideo er også bra, for da kan ein notere seg spørsmål som læraren kan svare på, neste dag.

Når du skal lære noko nytt, er det lurt å skrive samandrag av innhaldet. Da er det lettare å huske det viktigaste. Skriv også notar medan læraren pratar. Du må gjerne teikne - figurar, grafar, handlingar - det kan hjelpe minnet. Når vi gjer desse tinga, konsentrerer vi oss betre om stoffet også. Da kan ikkje andre tankar "forstyrre" læringa.

Prat med med-elevar om lærestoffet. Å forklare for nokon - enten til ein med-elev, nokon der heime, eller berre høgt for seg sjølv, er lurt. Når vi må tenkje for å forklare, må vi også forstå - da finn vi også ut om det er noko vi treng å forske meir på for å forstå fullt ut.

Les gjerne mykje! Gjennom lesing får vi idear til eiga skriving, hjelp til å "sjå" tema frå fleire vinklar, og lærer nye ting, mellom anna. Skula ønskjer at elevane skal tenke sjølvstendig, diskutere og forklare og vere kritiske. Lesing kan bidra til dette.

Å følge med på nyheiter vil også være nyttig for mange fag. Økonomi, politikk og samfunn, språkdebattar, lov og rett, konfliktar - stort sett alt vil kunne verte brukt i skulesamanheng (også).

Å prøve å lære seg noko nytt kan vere ei utfordring, men vil vere nyttig for den generelle utviklinga av hjernen, viser forsking. Då skapar vi nye "spor" av erfaringar som kan nyttast i all anna læring. Så skulle det være slik at ikkje alt blir forstått innanfor eit tema, så vil forsøket uansett være nyttig.

Les meir i artiklane under også! Lykke til!

Med vennlig hilsen rådgiver/ungdomsskolelærer, Ung.no

Besvart: 10.11.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål