Hopp til hovedinnhold
Spørsmål og svar

Ka er aldersgrensa for sex?

Jente, 15

Hei! Ung.no Eg liker ein gutt og han veit om det men han vil ha sex med meg og eg og vil det men eg veit ikkje ka eg skal sei…😬 eg er 15 år og han er og 15 såklart men eg veit ikkje ka som kommer til og skje hvis med har sex.. ka er egt aldersgrensa og kommer det til og skje nokke hvis med har sex? Btw eg vil sei tusen takk for at dåkke er så hjelpsom!❤️ og at dåkke ihvertfall får meg til og føla meg trygg💕❤️

Hei!

Så flott at du skreiv til oss og spurde om aldersgrensa for sex og kva som kan skje viss de har sex. Det er så koseleg og fint å lese at du likar sida vår og at du føler deg trygg på svara du får frå oss.

Den seksuelle lågalderen er 16 år.

Vi har lova for

  • å beskytte barn og unge ungdommar mot overgrep frå dei som er 16 år, eldre
  • å beskytte barn og unge ungdommar mot å ha seksualitet med ein annan før dei er klare for det fysisk/kroppsleg og også tankemessig/psykisk.

Viss begge vil det, og at de er jame i alder og utvikling, kan straff falle bort.

Politiet vil ikkje bruke tid og ressursar på ei slik sak viss dei ikkje trur nokon blir dømd. Sex blir rekna som ei privatsak.

Det er ikkje så lett å svare på kva som vil skje viss de har sex, men eg kan kome med nokre innspel og spørsmål som kanskje kan vere til hjelp for deg.

Slik eg forstår det, veit guten at du likar han. Viss han hadde lika deg, trur du ikkje han ville prøvd å bli betre kjend med deg? Kan det vere at han ikkje vil vere kjæreste med deg, men berre ha sex med deg?

  • Det er forsking som viser at ein kan kome til å tru at den ein har sex med vil bli kjæreste etter sexen. Det er som oftast ikkje tilfellet.
  • Viss du vel å ha sex med guten, kan det vere greitt at du veit det, slik at du ikkje får falske forhåpningar.

Kanskje kan du tenke gjennom korleis du ønskjer at sex med ein annan skal vere den første gongen, og seinare?

  • Hvilke rammer ønskjer du for sex med ein annan?
  • Skal de ha god tid?
  • Skal de gå rett på samleie?
  • Skal de sakte nærme dykk sjølve sexen/seksualiteten?
  • Kva med prevensjon?

Eitt viktig spørsmål for deg sjølv er på kva måte du lettast får orgasme. Kanskje tilhøyrer du majoriteten som lettast får orgasme ved stimulering av den ytre delen av klitoris?

Det er nemleg ikkje så lett å få orgasme under samleie.

  • Det er ikkje nokre «god-kjenslevare» nerver i sjølve skjeden
  • Forsking finn ikkje noko såkalla g-punkt i skjeden
  • 70 %, eller fleire enn dette, får ikkje orgasme berre ved rørslene til penisen i skjeden

Den lettaste måten å få orgasme på er ved stimulering av den ytre delen av klitoris, også under samleie. Det er forsking som viser at den ytre delen av klitoris har over 10 000 «god-kjenslevare» nerver.

I staden for å gå rett på samleie er det ein del som lærer seg å

Dette krev som oftast ro og god tid. Det er kanskje ikkje så lett å få til første gongen ein er med ein annan?

Tenk gjennom kva som er best for deg.

Du kan snakke med helsesjukepleiar på skolen eller ein fagperson på helsestasjon for ungdom.

Viss det er vanskeleg å forklare, kan du vise skjermbilete av det du har skrive og svaret her.

Jeg håper dette er til hjelp for deg og jeg ønsker deg alt godt!

Hilsen spesialist i sexologisk rådgivning (NACS), i samarbeid med ung.no

Besvart: 22.11.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål