Spørsmål og svar

Kor farleg er det å sniffe bensin?

Gutt, 13

Eg og ein kompis prøvde å sniffe bensin fra ein kanne. Etter ei stund når eg slutta og lukte på kanna, fekk eg en sånn veldig rar følelse. Det var liksom litt deilig og rart. Livet føltes ikkje ekte Lsm. Eg skal aldri gjerde dette igjen, men eg lurer på kor farlig dette er. Takk på forhånd.

Svar

Hei kjære deg.

Det er farleg å sniffe bensin.

Ein kan få en slags ruskjensle av det. Det var truleg det du kjende då du fekk følelsen av at livet var uverkeleg og det var deileg.

Men benisn er farleg å sniffe. Og med bensin er det ikkje alltid slik at det er mindre farleg i mindre doser/om ein sniffar lite, og så blir det meir farleg i større dosar. Ein kan få skader av å sniffe lite også.

Å sniffe bensin kan gi akutte problem med hjarterytmen, med blodtrykket og i verste fall føre til død. Ein kan òg få hoste, såre auge, dobbelsyn, bli ømfintleg for lys og få irritasjon i nase og svelg, kvalme, oppkast og hovudverk/hodepine (frå rusinfo.no).

Ein kan og få kramper og bevisstløshet, bensin kan fjerne hemninger, og gi risikoatferd og ulykker.

Viss ein bruker det fleire gonger/lenge, alvorlige organskader på lever, nyrer og hjerne, som skjelving, koordinasjonsproblemer, tankeforstyrrelser og redusert hukommelse.

Så det å sniffe bensin eller andre løsemidler, er ganske alvorleg.

Eg kan ikkje seie noko sikkert om akkurat din kropp og di helse, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.

Eg er usikker på om ein må gå til lege når ein har sniffa kortvarig èin gong. Men ved tvil eller viss ein er bekymra, er det best å gå til lege for sikkerheits skuld.

Det kan vere vanleg å prøve sniffing èin gong - og det går heldigvis som regel bra. Men det KAN også vere farleg og difor bør ein aldri sniffe. På lang sikt er det alltid farleg og fører alltid til store helseskader. Bensin, når ein sniffar det, er som eit rusmiddel.

Så det er bra at du har funne ut at du ikkje skal gjere dette meir.


Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 24.4.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål