Har sagt til lærer at jeg vil ta mitt liv, skal til helsesykepleier.
Jente, 13
Hei for en stund siden skrev jeg om at jeg ikkje hadde so bra og ville fikse på det og jeg ville ta mitt liv er det som var i tanken nå har jeg sakt det til læreren og skal til helsesøsteren neste veke, men det er like vanskelig og jeg fekk noen vedleg men dei hjelper ikkje. Eg vil ikkje ringe til noken om det, eg vil heller snake over melding eller noke sant ka burde eg gjere? Det er jo snart 17.mai og vi har fri fra skule. Unger gjer det heller ikkje bedre noke som gjer at å vere heime er ikkje so gøy, eg vil dra på tur men får ikkje fred. Eg veit virkelig ikkje kva eg skal gjere får ikkje sove eller noke. Er og redd for at helsesøsteren skal si det til foreldrene mina at jeg lider psykisk med mange ting.
Svar
Hei, jente på 13 år
Det er kjempefint at du ber om hjelp når du ikkje har det godt. Eg forstår at det er vanskeleg å åpne seg om korleis du har det inni deg - det er du absolutt ikkje aleine om! Eg som jobbar som psykolog møter veldig ofte personar som gruar seg til å åpne seg om korleis dei har det. Som oftast går dette fint etter kvart. Det kan godt hende at det vil skje med deg også - altså at det går litt lettare etterkvart som du snakkar med helsesjukepleiar.
Det er nok mykje betre å snakke med noen for å få ordentlige tips retta akkurat mot deg heller enn å lese vedlegg som er meint til å treffe ei større gruppe. Forstår godt at vedlegga du fekk ikkje gjer det lettare for deg no.
Eit anna alternativ til helsesjukepleiar er å gå til Helsestasjon for ungdom eller fastlegen din. Begge stader kan du få henvisning vidare til BUP/psykolog for hjelp over tid. Dersom du "lider psykisk med mange ting" som du skriver sjølv så kan det hende at BUP er rett instans for å hjelpe. Både helsesjukepleier og fastlege kan vere med på å finne ut av kva som er det beste for deg slik du har det no.
Du skriv om bekymring for at dine foreldre skal få vite. Ettersom du er berre 13 år så er det slik at foreldre har rett til å vite mykje (men ikkje alt) om korleis du har det. Det er ikkje alle detaljar helsesjukepleier må fortelle. Men dersom du har det svært vanskelig er det slik at foreldra er nødt til å vite dette for å kunne utføre si "oppgåve" om å kunne vere gode foreldre. Dersom dei ikkje veit noko om korleis du har det så kan dei heller ikkje hjelpe. Prøv å hugse på at foreldre som oftast gjer kva som helst for at deira ungar/ungdommar skal ha det bra og at det heller kan vere ein positiv ting enn ein negativ at dei veit nok om korleis du har det til at dei kan støtte deg.
Dersom du treng å snakke med nokon skriftlig enten for å "øve deg" til du skal til helsesjukepleier eller treng å skrive med nokon no i helligdagane kan du bruke Kors på halsen sin chat. Dersom du blir så dårlig at du treng hjelp med ein einaste gong så er det legevakt som gjelder, dei har telefonnummer 116 117 uansett kor du er i landet.
Ønsker deg alt godt.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 13.5.2021
Oppdatert: 13.5.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

