Slit med sosial angst og lærarane tek meg ikkje på alvor. Kva gjer eg?
Jente, 18
hei eg er en jente og går på vgs, alt er vanskelig for tiden fordi eg sliter med sosial angst og lærerne på skulen tek meg ikkje på alvor når eg seie at eg sliter, eg har hatt litt fravær på skulen pågrunn av skulemilijøet, eg føler meg utestengt og har ingen å vere med og dette har eg tatt opp med læreren og rektor men dei sa at det ikkje er slik og dei sa at eg har vanske med å forstå situasjoner og at eg misforstår alt, dei andre klassekameratene mine har gjort narr av meg fordi eg sliter med angst, lærerne tok i tiltak at eg skulle lage en presentasjon om at eg slit med angst og skal fortelle det til dei i klassa mi og holde en presentasjon og snakke om livet mitt om korleis eg slit, eg gjorde det og dei begynte å inkludere meg ei preiode men så slutta dei med det og no er eg der eg starta igjen har ingen å vere med. Eg føler at lærerne ikkje tar meg på alvor eg føler meg ut som en kødd og når eg slit så tilrette legge dei ikkje, dei gjer det bare vanskelig for meg,
Svar
Hei, jente på 18 år!
Det er ikkje godt når ein ikkje kjenner seg tatt på alvor.
Det høyres ut som du har forsøkt å gi beskjed om kva du trenger og så kjenner du deg ikkje forstått.
Det kan hende at lærarane og dei andre elevane ikkje har tilstrekkelig innsikt i korleis dei skal hjelpe deg med det du sliter med. Det var veldig modig av deg å lage ein presentasjon og å fortelle om korleis du har det framfor klassen. Dette kosta sikkert mykje mot frå deg og då er det klart at det er sårt dersom du ikkje føler at det førte nokon veg i ettertid.
Det kan hende det ikkje er vits i å gjere mer av det samme som du allerede har gjort. Dersom du ikkje kjenner deg høyrt og forstått av lærarane kan det vere lurt om du snakkar med nokon andre som kan gi andre innspel og råd.
Dersom du ikkje allerede har gjort det kan det vere lurt om du tar kontakt med helsesjukepleiar på skulen din. Der kan du snakke med nokon som er vant til å snakke om vanskelige ting. Du forteller at du har sosial angst og dersom dette er ein diagnose du har fått så er det lurt om du får oppfølging og behandling for denne. Det kan du få hos DPS/psykolog ved behov. Då treng du henvisning frå fastlegen din. Du kan også få tips frå denne sjølvhjelpsvideoen til korleis å håndtere sosial angst.
Eg ynskjer deg alt godt!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 12.5.2021
Oppdatert: 12.5.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



